GjendebuGjendebu_Impressionen
navi norsk
kontaktGjendinelinksut pĆ turspoersmaalprisarreisehoss oss
Spørsmål FAQ NÅR HYTTA BLIR FULL:

Gjendebu ligg slik til at vi ikkje har mulegheit til å av-vise gjester, utansett kor fullt det er. I så fall vil det være minst 4-5 timar å gå til neste hus, berre for å risikere å finne nok ei full hytte. Dette kan på enkelte dager skape spesielle utfordringar både på mat- og losjifronten.

Utfordringa er at vi, i samarbeid med deg som gjest, utnyttar dei ressursane vi har på hytta optimalt. Gjestene våre er svært positive, og det er ingen tvil om at mange opplever det som både eksotisk og interessant å bli ?stappa? saman med ukjente folk. Det oppstår ofte eit skjebnefellesskap med flust av galgenhumor, og det er svært lett å kome i kontakt med nye venner.

Vi fordeler sengeplassane slik: Første prioritet er familier med barn. Desse prøver vi uansett å gi et eige rom, så får det heller våge seg om 2-barns-familier må klare seg med eit lite 2-sengs-rom. Dernest har folk over 60 fortrinnsrett på seng, og desse blir gjerne plassert i sengar på 2- eller 4-manns rom.

Du som er ung og sporty vil ofte foretrekke sovesal eller madrass på gulv, det er billeg og bra. Så når vi veit at hytta blir overfull vil vi alltid tilby deg sovesal/madrass først.

Kjem det gjenger/grupper som kjenner kvarandre, kan dei ofte bli lagt for eksempel 6 på eit 4-s-rom, få ei heil hytte med sovesalplasser, eller bli tilbydd ein eigen lavvo. Ved bestilling blir oftast graden av ”stapping” avtalt før ankomst.

Vårt mål når det er overfylt er at alle skal synest at dei har fått ei akseptabel behandling – etterpå.

... fleire spørsmål vi ofte får:

Kan jeg få...
Ja. Vi serverer spesialmat som f.eks vegan, vegetar, glutenfri, laktosefri osv. Husk å gi beskjed ved innsjekk.

Kan vi betale med kort?
Ja. Gjendebu aksepterer alle vanlege debet- og kreditkort.

Er det mulig å bestille overnattingsplass?
Ja. Det beste er hvis du bestiller online. Måltid og anna bestiller du ved innsjekking.

Kan eg ta med hunden?
Ja. Hunder er velkomne på Gjendebu. Vi har egne hunderom i et anneks. Hvis du bestiller online så er det rom 31-34 i «Haugestua».  Husk at det er streng båndtvang i heile nasjonalparken!

Ka tid kjem båten?
2 gongar dagleg, og alltid med ekstraturar når det er nødvendig. Du blir ikkje ståande att på kaia uten transport dersom du har møtt fram før rute-avgang. Men det kan ta eit par timar venting.

Bussen til Oslo?
Då må du ta båt eller gå til Gjendesheim eller Fondsbu. Sjå link til rutetabeller.

Kan du kjøre meg til Gjendesheim?... NEI.
(sommer og vinter).  Vårt vesle bidrag til miljøet og til naturopplevelsar av høg kvalitet, er at vi køyrer så lite med snøscooter og båt som muleg, i nasjonalparken.  Vi har heller ikkje tillatelse til å transportere gjester.

Når er det frukost?
7.30 – 10.00

Når kan vi få middag?
Vanlegvis 1.bordsetjing kl. 18.30, middagsserveringa varer til alle har fått mat.

Er hytta åpen heile året?
Nei, berre i påska og ca frå st.Hans til midt i september.

Har du sett værmeldinga?
Den er oppslått ved resepsjonen. Eller du kan sjekke med: DNT eller http://yr.no.

Kor mykje vatn må eg ha med i sekken?
Svært utbredt spørsmål frå utlendingar. Svar: Vanlegvis ingenting - evt. ei halvliterflaske i handa til å drikke av.

Kor lang tid brukar eg til ...
Vi veit ikkje - for det er litt avhengig av kor fort du går! Mange tar dei normerte gangtidene på kartet som ein fasit, men du skal berre bruke akkurat så lang tid at du kosar deg! (+pauser!)

Jeg møtte ham hos dere men har mistet lappen med telefonnummeret kan du se om du finner ham i gjesteboken det var natt til sist søndag….
Ja, men vi tar ikkje i bruk medlemskartotek eller datasystem for å finne han/henne!

Kvar kjem elektrisiteten frå?
Vi prøver å få til eit miljøvennleg mikrokraftverk. I øyeblikket har vi 2 dieselaggregat á ca. 50 KW. Spillvarme frå aggregata blir utnytta som energi til varmtvatn


Er det skikkeleg Hansa-øl?
Ja.

Kor mykje diesel brukar de?
4-8 liter pr time - 15.000 liter pr år. Vårt energiforbruk pr gjest er omlag 20% av det som er vanleg for et hotell, eller ca 14 kWh pr overnatting. Vi ser som eit realistisk mål å få det ned mot 10 kWh.

Kva gjer de med avfallet?
Alt brennbart blir brent saman med ved for produksjon av varmtvatn. Øvrig avfall blir kildesortert og returnert til kommunale mottak.

Kva heiter den blonde jenta med langt hår..?
Spør henne sjølv!

Bur de her heile året?
Nei.

Kva gjer de resten av året?
Betjeninga er stort sett studentar. Ove er mest ute i naturen og fisker, Lars Åge er halvstudert kontorist av og til, Arve er sjåfør, Olaf slapper av i Bochum.

Den norske Tursitforening


Hjemesiden | Nyheter | Hos oss | Reise til oss | Prisar, sesong mm | Historie | Spøersmål? | Ut på tur | Lenker | Gjestebok | Kontakt oss
© Gjendebu 2004 - 2013
mailto: webmaster@gjendebu.com